Kontorsjef Johan Henrik Cappelen
Utsjånad
- Sjå også Johan Henrik Cappelen (1795-1850) og Johan Cappelen (1889-1947).
Johan Henrik Cappelen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. desember 1838 Leikanger kommune |
Død |
4. oktober 1900 (61 år) |
Yrke | jurist |
Far | Johan Henrik Cappelen |
Johan Henrik Cappelen (10. desember 1838–4. oktober 1900) var ein norsk jurist og embetsmann, som var kontorsjef i Stortinget 1871-1900.
Cappelen var fødd i Leikanger i Sogn, der faren Johan Henrik Cappelen var sorenskrivar. Etter faren var død i 1850 budde familien i Kristiania. Han var frå 1859 tilsett som referent i Stortinget, referentsjef frå 1868. Medan han arbeidde som referent studerte han jus, ferdig utdanna cand. jur. i 1862. Frå 1871 var han arkivar og kontorsjef på Stortinget fram til han døydde. I si tid på Stortinget fekk han innført det såkalla Gabelsbergers stenografisystem.
I 1889 vart Johan Cappelen riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for «fortjenstfuld Virksomhed i sin Stilling».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Johan Cappelen» frå Wikipedia på bokmål, den 18. april 2010.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Alf Kaartvedt m.fl.: Det Norske Storting gjennom 150 år, bind IV, Oslo 1964, side 300, 302-03, 317, 449, 451
- Thomle, E. A.: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896